Ålesund brannvesen

118 komfyrbrannar dei siste fem åra

Ålesund brannvesen rykte ut til 118 brannar og branntilløp på komfyren i femårsperioden 2016-2020.

Komfyrvakt - Klikk for stort bilde

 

Montering av komfyrvakt kan redusere talet på slike utrykkingar, og bidra til å redde liv og verdiar.

– Mange sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkenet. Enten om då det ringde på døra, eller då babyen byrja å gråte på soverommet. At ein er litt uoppmerksam er alt som skal til. Det kan fort gå frå matos til farlege branngassar, og i verste fall kan det oppstå brann, seier Sindre Egeness, avdelingsleiar i førebyggjande avdeling i Ålesund brannvesen.

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og om det leggjast opp ny elkurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for hytter og fritidsbustader. Komfyrvakter får du kjøpt hos elektronikkforhandlarar, i mange kjøkenbutikkar og på nettet.

– Ei komfyrvakt er avansert elektronikk som kostar nokre få tusenlappar, men kan vere ei investering som reddar både liv og verdiar. Om ein innrømmer for seg sjølv at ein kan vere litt distré eller gløymsk, er dette ei viktig oppgradering av heimen. Komfyrvakter er dessutan særleg nyttig for dei eldste, som er meir utsett for brann enn mange andre, seier Egeness.

Slik fungerer komfyrvakta

Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar, og er enkel å installere. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren melding til ein brytar om å kutte straumen til komfyren.

– Hald alltid oppsikt med komfyren under matlaging, og skru av eller demp varmen om du blir avbroten. Det er også viktig å reingjere ventilatoren jamleg, og passe på at det ikkje ligg brennbare ting for nær koketoppen, seier Egeness.

Komfyrvaktkampanjen

Onsdag 10. februar blir det arrangert ei nasjonal komfyrvaktkampanje for å få auka merksemd om dei mange komfyrbrannane. Komfyrvaktkampanjen er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper. Bak satsinga står Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Norsk brannvernforening, Finans Norge, Norsk brannbefals landsforbund, Feiermesterens landsforening, Nelfo, Branninformasjonsforum, det lokale eltilsynet og sakkyndige selskap.

Les meir om komfyrvakt på sikkerhverdag.no.