Aabv

Hugs å registrere jonsokbål innan 20. juni

jonsok aabv baalregistrering 900x600

Ålesund brannvesen minner om at jonsokbål større enn små kaffibål må meldast inn elektronisk til brannvesenet innan 20. juni. Brannvesenet åtvarar samstundes mot å legge anna enn reint trevirke i bålet.

Registreringsskjema for jonsokbålansvarlege i Ålesund, Giske og Sula ligg på nettsida til Ålesund brannvesen (aabv.no/skjema). Brannvesenet verken godkjenner eller gir tillating til bålbrenning, men registreringa gir viktig informasjon til beredskapsstyrken og 110-sentralen.

- Mannskap på vakt treng å vite kvar det er jonsokbål og kvar det ikkje er, slik at vi raskare kan skilje bål frå eventuelle meldingar om brann. I tillegg må vi kunne nekte bålbrenning dersom vêrforholda tilseier at det ikkje er forsvarleg, til dømes ved stor gras-, lyng- og skogbrannfare og sterk vind, seier avdelingsleiar Sindre Egeness i førebyggande avdeling i Ålesund brannvesen KF.

I enkelte høve kan det vere aktuelt for brannvesenet å inspisere bålplassar, til dømes etter bekymringsmeldingar frå publikum om uforsvarlege bål. Det kan dreie seg om for liten avstand frå bygningar eller vegetasjon, eller bruk av ulovleg materiale. Her samarbeider brannvesenet med vatn-, avløps-, og renovasjonseiningane i kommunane.

- Av miljøomsyn er det forbode å ha anna enn reint trevirke i bålet, så jonsokfeiringa er ikkje eit høve til å kvitte seg med møblar, plast, søppel, sponplater eller trevirke som er måla eller trykkimpregnert. Slikt skal leverast inn på miljøstasjonen, og ikkje brennast på bålet. Kommuna har allereie sørga for å berge ein sofa ut frå eit oppstilt bål her i byen i år, sier Egeness.

Hugseliste før jonsokfeiringa

  • Det må utpeikast ein ansvarleg person for jonsokbålet.
  • Om bålet er større enn eit lite kaffibål, må det meldast inn via aabv.no/skjema innan 20. juni.
  • Bålet må brennast på jonsok-/sankthansaften 23. juni eller i samband med næraste helg.
  • Ein må ha tillating frå grunneigar før ein startar å bygge bålet.
  • Bålbrenning må skje slik at det ikkje er til fare for omgjevnader. Sørg for trygg avstand frå bygningar og vegetasjon.
  • Merk at det ikkje er tillate å brenne bål på svaberg, då dette skadar grunnen.
  • Tilstrekkeleg med sløkkevatn eller anna sløkkereiskap må vere tilgjengeleg. Ved sjø eller vatn kan ein bruke bøtter.
  • Gå ikkje frå bålet før det er fullstendig sløkt. Området skal ryddast etter bålbrenning.

Sjå også:

Bålbrenning og grilling i Ålesund, Giske og Sula