Ålesund brannvesen KF er eit kommunalt føretak eigd av Ålesund kommune. 1. januar 2020 blei vi eit nytt og større brannvesen som eit resultat av kommunereforma, og fem brannvesen blei slått saman til eitt. Same år tok vi også over drifta av brannvesenet i kommunane Sula og Giske gjennom ei verksemdsovertaking.
Møre og Romsdal 110-sentral KF er alarmsentral for brannvesena i Møre og Romsdal, og samlokalisert med Politiet i Ålesund. 110-sentralen har i dag 19 medarbeidarar og dekker alle dei 26 kommunane i Møre og Romsdal, totalt 79 brannstasjonar og ca. 1.130 brannpersonell med eit befolkningsgrunnlag på ca. 265.000 innbyggarar. Vi skal sikre at befolkninga får rask og riktig hjelp i naudssituasjonar, og vere utrykningspersonellet sin støttespelar i aksjonar.
Brannsjefen er Ålesund brannvesen KF og Møre og Romsdal 110-sentral KF sin øvste leiar, og rapporterer til føretaka sine styre.
For nærmare informasjon om stillinga kan du ta kontakt med Asgeir Berg, styreleiar i Ålesund brannvesen KF, tlf. 957 55 775, eller vår rådgjevar hos Capricorn AS, Rolf Klock, tlf. 905 37 898.
Søknadsfrist er 29. mai 2023.
Les fullstendig utlysning og søk her