Aabv

Viktigast å ta vare på medarbeidarane

Brannbil ulykke 2020Det har vore eit tøft døgn for dei seks brannmannskapa som var involvert i ulukka i Haram i går. Brannbilen vart totalskadd, og alle seks vart sendt til legevakt og sjukehus.

-Det viktigaste for oss no har vore å ta vare på dei involverte. Det har vore ei svært skremmande og dramatisk oppleving for dei, og det har vore viktig for oss å la dei snakke ut om det dei har vore med på. Det fortel brannsjef i Ålesund Geir Thorsen.

-Det er ei stor påkjenning også for kollegaer som må rykke ut til ulukker der arbeidskollegaer og vener er involvert. Alle har handtert situasjonen svært profesjonelt, og dei samla seg på brannstasjonen i Brattvåg i går ettermiddag for samvær. Dei involverte i ulukka har fått tilbod om hjelp frå helsepersonell til å gå gjennom dei dramatiske hendingane, seier Thorsen.

Ein framleis på sjukehus

Tysdagen har gått med til å gå gjennom hendinga i går, og evaluere tiltaka som vart sett i verk. I ettermiddag skal brannsjef Geir Thorsen og avdelingssjef for beredskap, Arne Sigurd Hansen til Brattvåg for å møte mannskapet på stasjonen. Tidlegare i dag har dei vore i kontakt med alle dei involverte i ulukka.

-Vi har snakka med alle. Dei føler seg i ok form. Men er sjølvsagt prega av hendinga. To av dei vart liggande på sjukehus over natta. Den eine er no skriven ut, medan den andre vert operert for eit brot i beinet tysdag ettermiddag, fortel Hansen.

Full alarm

Det vart slått full alarm ved hovudbrannstasjonen i Ålesund då meldinga tikka inn klokka 12.16 i går ettermiddag. Meldingane og dei første bileta frå ulukkesstaden var dramatisk. Ulykka skjedde rundt ein kilometer frå brannstasjonen i Brattvåg. Det vart sett stab, og pårørande vart varsla, samstundes som ein fekk kartlagt tilstanden til dei involverte.

- Heldigvis fekk vi forholdsvis raskt avklart at ingen av dei seks i bilen var alvorleg skadd. Undersøkingane utover ettermiddagen og kvelden viste at det var snakk om kuttskadar, slagskadar og eit beinbrot. Vi trur at det faktum at dei køyrde i ein splitter ny bil, var medverkande til at det trass alt gjekk så bra med mannskapet som det gjekk, seier Thorsen.

Ny bil om eitt år

Bilen er ein Scandia mannskapsbil og vart levert til brannstasjonen i Brattvåg for seks månadar sidan. No har Ålesund Brannvesen tatt reservebilen i Ålesund og stasjonert den i Brattvåg, medan ein ventar på å kjøpe ny brannbil. Det kan ta litt tid.

Pressekonferanse brannbil 2020

-Vi ynskjer i utganspunktet å få tilbake ein bil av same type, med dei same spesifikasjonane. Bilen som vart øydelagt er bygd ved Egenes Brannteknikk i Flekkefjord. Slike bilar har ei leveringstid på over eitt år, så det vil ta litt tid før den nye bilen er på plass seier Arne Sigurd Hansen.

Var på veg til ulukke

Brannbilen var på veg til ei utforkøyring i Søvika. Melding om ulukka i Søvika kom inn klokka 12.06, og mannskap frå Brattvåg rykka straks ut. Samstundes rykte også brannmannskapet frå Søvika ut.

Mannskapet i Søvika hjelpte politiet på den første ulukkesstaden. I den ulukka vart to personar send til sjukehuset, men heldigvis også dei utan alvorlege skadar.

Arbeidstilsynet er varsla og skal gjere sine undersøkingar. Statens Havarikommisjon har vore på plass for å granske ulukka. Dette er rutine i ulukker der utrykningskjøretøy er involvert. Politiet etterforskar også begge dei to ulukkene i Brattvåg.