Aabv

Bålforbod er oppheva frå og med fredag 15. juni 2018

Pølsebål anetteSidan måndag 28. mai 2018 har det vore forbod mot bruk av open eld i heile kommunen. No er nedbøren tilbake, og frå og med fredag 15. juni er bål- og grillforbodet utanfor eigen hage og veranda i kommunane Ålesund, Giske og Haram oppheva for denne gong.


 

Rikeleg med nedbør

Det er venta rikeleg med nedbør som gjer at gras og anna vegetasjon er fuktig og byrjar å bli grønt slik at brannfaren ikkje lenger er like stor.

Vi vil minne om at det i tida 15. april til 15. september er forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og mark, utan løyve frå brannsjefen.

Etter fleire veker med tørt og varmt vér har plantar og buskar vekse fort.

No gjeld det ordinære bålforbodet.

Brannvesenet minner om at det i perioden 15. april til 15. september generelt ikkje er lov å gjere opp bål ute i naturen.. Du kan grille i din eigen hage eller grille på egna plassar i for eksempel parkområde eller i strandkanten. Det finns og kommunalt tilrettelagte grill- og bålplassar, som kan nyttast hele året. Det er tillatt å gjere opp eld der det klart ikkje kan medføre brann. All bålbrenning blir gjort på eige ansvar.

Geir Thorsen
Brannsjef